Bokbloggeren: Terningkast 5

11.09.2022

Eg blir så glad!
For ei som aldri har skrive fiksjon før, og som stabla på beina og utgav ein roman på eiga hand (rett nok med god og kyndig redaktørhjelp), har det å senda boka frå seg vore både med skrekk og forventing. Ein ting er dei som kjenner meg, og les boka med godvilje, har eg tenkt. Dei som seier at dei høyrer stemma mi, språket mitt og les det dei kallar min underfundige humor mellom linjene. Dei vil alltid gje meg litt slack, gje meg positive tilbakemeldingar... Men så er det dei eg ikkje kjenner, vil dei møta forteljinga med eit ope sinn, lesa ho slik eg har meint, sjå den underliggande bodskapen i romanen? Skrekken har sleppt taket meir og meir når eg no etterkvart erfarer at boka står på eigne bein, skaper meining, også for perifere lesarar som ikkje treng å kjenna meg for å finna forteljinga verd å lesa. Og det beste er når dei som verkeleg går opp i litteratur, og brukar fritida si til å pløya nye bøker og omtala dei, bryr seg om det eg har skrive.

To uavhengige bokbloggarar har hittil lest romanen min, og gitt han svært god omtale. Det både varmar og gler meg stort, og sist ut er bokblogger.com, med terningkast 5: 

"Ein underholdende roman om jakten på det perfekte familieliv og den berømte fasaden som må holdes oppe utad."
(...) "Boka tar for seg sosiale medier, og det glansbildet som dannes gjennom dette. Det er til tider eit satirisk blikk på bransjen som Tor Høyseth representerer, og ein kan ikkje anna enn å smile over dobbeltmoralen som føres i romanen".
(...) "Måten Styve skildrer familielivet på, er både fengende og fengslende på ein gong. Den er solid gjennomført, sjølv om eg sat att med fleire spørsmål på slutten."
(...) "Historien er artig og interessant. Den innehar underfundige betraktninger og skildrer eit samfunnsbilete som mange vil kjenne att, der alt skal vere plettfritt utad. Samtidig er det eit underliggende alvor som kjem sakte, men sikkert, sigende innover medan ein les."
(...) "Språket er meget bra, og det er mange fine betraktninger og ord til ettertanke"
(...) "Dette var ei meget underholdende bok med ein alvorlig undertone" 

Ta deg gjerne tid til å lesa heime omtalen på Bokbloggeren si heimeside: bokblogger.com 
Han er også på Instagram, som @bokbloggeren