Bokhandlaren i Bergens Notting Hill

15.06.2022

For 27 år sidan gjekk eg nesten dagleg opp og ned denne gata med ei lita jente i barnevogn. Eg kunne la blikket vandra mellom murhus og trehus med matte fasader og gamle gardiner, og kikka inn i trange, bratte smau

Ein og annan student kom sigande ut gjennom skeive dører i kalde underetasjar etter seine (eller tidlige, alt ettersom) festar og kanskje eit tilfeldig ligg som dei angra eller ikkje angra på. Viss det var malt nokre bodskap på veggane, var det gjerne eitt og anna peace-symbol eller anarkist-teikn, eller «Trivsel uten snuten» med slurvete skrift. Eg kan ikkje hugsa butikkar eller kafear på desse faste trilleturane mellom Øvregaten og Ladegårdsgaten, der me budde. Jo, kanskje ein butikk, Aquarius eller noko slikt, der det lukta røykelse, og det hang flagrete kle på stativa. Ut over det, knapt nokon ting.

Men hei, i Steinkjellergaten har det dei siste åra spira i det stille, knoppar har opna seg og gått i blomst. Det lette støvet frå dei fargerike, duftande blomane svever oppover gata og sår nye vekster. Fetter Tyggen galleri og kafé, Bergen Kaffebrenneri, vintage- og smykkebutikken Divert, ganske så ferske Vagpwr shop & art gallery, og Witchy Bitchy Beauty Spot som «alltid» har vore der. Eg ser nyfikne turistar og fastbuande vandrande oppover og nedover gata, storslått gatekunst, og smilande butikkeigarar. Det er som eit Notting Hill i mikroformat, til og med den blå døra finst, som iaugefallande inngang til nummer 4a. Og litt lenger oppe, i nummer ni, ligg den fabelaktige, uavhengige bokhandelen Heim, som er i sitt fjerde år etter at ein vennegjeng og poesihunden Frida slo seg ned og bestemte seg for å satsa på det dei brann for: Poesi, som dei tykte det vart distribuert for lite av, og ei mengde nynorske titlar - både uavhengige og frå forlag. 

Musikaren, poeten, malaren og multimediedesignaren Einar Maack frå Island tek hand om kundar, malarkunst og litteratur i dei fargerike, maksimalistisk møblerte lokala, med eiga poesiavdeling og lesekrok der det er fullt mulig å ta seg ein strekk med ei bok i handa. Islendingen i han bind han sterkt til det nynorske, og han meiner at nynorsk er eit nakent språk som krev at me må søka variasjon og vendingar som gjer språket rikare. 
Og vakkert, vil eg legga til...

(Epilog: I midten av oktober 2022 måtte Heim legga ned, og blir eit fargerikt minne for dei som brukte han)