Først fint, så flaut, så fint igjen

06.11.2022

Det du ikkje får nok av: Å sitta med laptopen ved Adriaterhavet og fantasera, oppvarta av servitørar som kjem med vekselvis kald kvitvin og varm espresso. Klapra laus på tastaturet, legga til og trekka frå, etter kvart eta ein sjømatsalat og så rusla heim langs strandpromenaden, nøgd etter ein produktiv skrivedag.

Det du ikkje tenker på då: At skriveria dine, når dei til slutt er pakka inn i eit omslag med design, bilde og strekkode, helst skal hamna i ei butikkhylle her og der, ikkje berre sveva rundt på internettet. Og at nokon skal vita om at der, i den butikken, finst denne forteljinga som gjerne vil bli lest. At dei skal sjå etter ein beige, smal bokkropp med bokstavane St... rett ved sidan av dei massive, breie og lettsolgte Staalesen-ryggane. Og at du derfor må gå nokre kleine rundar med deg sjølv, ta sjansar og håpa på folks velvilje.

Det som betyr alt: Smilet, interessa, gleda som innehavaren møter deg med når du fortel om produktet ditt, og gir dei løpeseddelen med tilbakemeldingar. Kommentaren om at dette høyrest spennande ut. Overraskinga når han eller ho går rett til pc-en for å søka boka opp i Mentor og lesa meir, finna prisen, kanskje bestilla der og då, medan du ser på. Nokre tek inn to, nokre fem, nokre tek ti. Utan returrett, på eigen risiko. Og seier takk for at du kom.

Det som blir klamt etterpå: Du vil ikkje skuffa bokhandlaren, dei må få noko att for at dei hadde tru på verket ditt, helst selja til det er tomt. Du må ut igjen, folk må vita kvar dei finn sakene, du må på nytt putta på ditt beste smil og med ein unnskyldande emoji, skriva «hei, giddar du å sjå her bitte litt? Om du vil ha boka, eller gje ho som gåve, høyr  - du finn ho der, i den og den Oslo-bokhandelen! Og fredag 9. desember signerer eg i Norli-butikken på Bryn Senter, om du har lyst til å komma innom!
Beklagar massekorsbånd-teksten. Takk for merksemda. I'll see myself out...»

Det som reddar kvelden: «Hei og takk, lenge sidan sist! Hadde tenkt å bestilla på nettet, men klart eg skal innom bokhandelen! Har tenkt på det lenge, gler meg til å lesa. Så stilig at du skriv, skulle gjerne ha gjort det sjølv. Har nokre idear. Kanskje me kan snakkast om det ein gong?»

Takk, venner! (Hjerteemoji)