Den omvendte Tore på Sporet-forteljinga

29.11.2023

No som debatten har rast om «Bamsegutt» og ein programleiars iver etter å bli ein del av historieforteljinga, har eg på nytt dvelt ved tanken på effekten av det vanvittige TV-programmet Tore på Sporet. Ubehaget som serien i si tid vekte i meg, tanken på følgjene både for dei som var eksponert i programmet og for sjåarar med brotne biologiske band, kom tilbake.

Då eg i fjor skulle skriva baksideteksten om karakteren og utruskapsbarnet Una si ferd mellom to permar, var det nettopp denne pitchen som vaks fram: «Sikkert ein klemmefamilie er den omvendte Tore på sporet-forteljinga (….)». Una sin besettelse av å spora opp faren, hennar drøm å knyta ei biologisk sløyfe rundt han og henne, kjem frå ein stad. Holet ho kjenner inni seg, kjensla av tap, av å vera annleis, er ikkje påført henne av dei nærmaste, eller av naturen sjølv. Det kjem frå det ho har oppfatta i samfunnet rundt seg – at dei biologiske relasjonane, anten til ei søster som ho ikkje har, eller ein far ho ikkje møter – er av ein så stor verdi at ho per definisjon er fattig. Fattigare enn dei rundt seg, og enn dei som flimrar forbi på sosiale medium. Ho evnar ikkje å sjå kor elska ho er, kor trygt ho har det, fordi det einaste ho tenker på er at nokon har avvist henne. Og ho trur at den som har avvist, ville kunna fylt holet i henne, i kraft av det biologiske bandet, om ho berre blir den perfekte dottera. Tore på Sporet og hans likemenn har fortalt henne dette.

Eg las ein rystande artikkel om ein vaksen mann som fortalte at han vart oppsøkt av dette TV-programmet då han var 16. Sjølv hadde han aldri sakna noko, eller dvelt ved at han var komen ut av kroppen til ei kvinne langt vekke, før TV-folka meinte han skulle koma og møta sitt biologiske opphav framfor fleire hundre tusen sjåarar. Han angrar på at han var med, og vart ikkje følgt opp i etterkant.

«Me treng både røtter og føtter», seier Thomas Hylland Eriksen. Det er eg veldig samd i. Me treng å forstå oss sjølve ut frå den kontekst me har vakse opp i, me treng å kjenna band til både folk og stader, natur og kultur. Men me treng ikkje å påføra menneske ei kjensle av mindreverd eller tap, ved å framstilla biologiske band som noko opphøgd eller universelt nødvendig. Av og til er det landsbyen som løftar eit barn fram, av og til er det den einslege omsorgspersonen, eller fosterheimen. Av og til er det venner, og ikkje søsken, som det gir meining å spegla seg i, fordi dei godtek deg som den du er, ikkje den dei meiner du skulle ha vore. Det treng ikkje å bli eit dårlegare liv av det.