Den velsigna motstanden

30.04.2023
Mitt eige skrivekosmos er ikkje nok
Mitt eige skrivekosmos er ikkje nok

I etterkant av årsmøtet og påfølgande seminar i Norsk Forfattarsentrum, hamna eg i prat med skrivefolk som på ulike måtar skildra sine skriveprosessar. Felles for oss var kjensla av einsemd i våre eigne, lukka skrivekosmos, og opplevinga av forløysande hjelp og nye erkjenningar ved å opna opp for tilbakemeldingar på tekstarbeidet undervegs. 

Tilbakemeldingar frå redaktør, skrivande venner, lesande venner, eller andre fortrulege. Og kjensla av sårbarhet ved å gjera tekstane sine opne for respons.

Å dikta, skapa meining, samanhengar og forståing, løfta innhaldet til å symbolisera noko større utanfor forteljinga, var noko av drivkrafta mi. Men korleis skulle eg klara det, og kunne mitt indre univers skapa meining for nokon utanfor? Det måtte eg jo spørja om, og helst før alt var ferdig, før eg hadde vikla meg inn i eit spor som berre betydde noko for meg sjølv. Korleis kunne karakterane som eg var blitt glad i, få tydeleg nok personlegdom til at også andre levde seg inn i deira utfordringar?

«Det var veldig engasjerande ei stund, men så vart den karakteren litt for slapp, og eg falt av», sa ei testlesande venninne då ho hadde lest eit tidleg utkast. Ho klarte ikkje heilt å peika på kva, men tilbakemeldinga var nok for meg til å gå tilbake og sjå på teksten med distanse, og innsjå ho hadde heilt rett.
«Der satt den med eit smell!» jubla ho då ho seinare fekk sjå korleis eg hadde løyst utfordringa ho hadde gitt meg.

Sameleis med min konstruktive og oppmuntrande redaktør, Kristin Delås. Ho fekk meg til å kutta ein karakter som hadde lite å seia for historia, ho fekk meg til å bytta om på hendingar, vendepunkt og tilbakeblikk – alt til det betre. Ho påpeikte parti som fint kunne omskrivast frå å vera forteljande til meir handlingsprega, ho roste der det rosast kunne, og holdt motet oppe i meg når eg opplevde å stå fast.

Å skriva er ein einsam prosess. Å gi ut er å eksponera seg sjølv og det ein står for, i ein skremmande stor skala. Å vera redd for å visa andre, eller unnlata å bruka profesjonell støtte i utviklinga av manus, inneber ein stor risiko for å sitta att med ei kjensle av at «ingen forstår meg» når boka er ute. Å utsetta lesarar for eit verk som er utvikla med berre eitt blikk frå idé til utgjeving, er nesten utilgiveleg. Heldigvis er det få som gjer det. Heldigvis er dei aller fleste skrivande takknemlege for alt me kan få av motstand undervegs i prosessen, frå the first shitty draft til siste punktum. Heia testlesaren!