Litteraturfestival og lesesirkel

29.10.2023

Med få dagars mellomrom den nest siste veka i oktober, fekk eg nokre fine stunder i lag med lesarar, potensielle lesarar, og med andre som skriv. 

Å delta på litteraturfestivalen Nynorske Litteraturdagar i Flåm var som stiga inn i ein liten, lukka oase med litteratur, språk, samtalar og gode musikalske opplevingar «rett i kroppen». Eg hadde allereie varma opp – kvelden før eg drog til Flåm, besøkte eg ein lesesirkel i Åsane, der romanen min var tema.

Sidan livet mitt til vanleg er prega av ein travel jobb, familie og aktivitetar som ikkje handlar om skrivearbeidet, er det fint å kunna gå inn i ei slik boble om eg var i desse dagane. Det gir meg rom for å reflektera vidare over romanen, karakterane, kven dei er og kva dei strever med, og dei universelle spørsmåla som eg vil peika på med det eg skriv. Det er sjølvsagt når nokon spør, eller når eg skal førebu ein presentasjon om boka, at eg med ulike innfallsvinklar går inn att i handlinga og kjem i kontakt med Una, Tor og Kalle igjen. Og sidan lesarane fortel korleis dei kjenner seg att på så mange ulike måtar knytt til handlinga, får eg stadig eit nytt blikk på det eg sjølv har skrive. Derfor er kvart slikt lesarmøte ganske unikt, og har stor verdi for meg. Eg høyrer alt frå «eg er Una» til «eg har møtt mange slike som Kalle» og ikkje minst «ein sånn som Tor hadde foredrag på jobben min – herregud, så kleint!».

Det var ei ny og spennande utfordring å møta eit festivalpublikum, der dei fleste truleg ikkje hadde lese boka, men likevel brukte tre kvarter av dagen sin til å høyra på meg. Tilbakemeldingane etter presentasjonen tyda også på at temaet trefte tilhøyrarane, og fleire hadde referansar til handlinga som dei ville diskutera.

Møtet med lesesirkelen var mindre flyktig, og sjølvsagt tettare på. Dei ti-tolv kvinnelege medlemmene hadde lest seg grundig opp, og diskutert boka før eg kom. Halvannan time gjekk kjempefort, og samtalen rundt bordet, nærleiken til deltakarane, var svært givande. Spesielt gjentok ei av kvinnene fleire gongar at ho kjende seg så sterkt att i Una. Det var som om ho bar på noko som eg ikkje kunne spørja om der og då, men som følgde meg resten av kvelden.

Og slik er det jo – når ein slepp ei forteljing ut i verda, er det lesarane som bestemmer korleis ho blir tolka, og kva ho får lov til å bety for dei. Då er ho ikkje berre mi lenger.

Takk for alle gode møte!