Lys og lesestund frå minibasaren

29.10.2022

Fram til 25. november har eg ein liten basar på Instagram @elinstyve - boka mi blir lodda ut i lag med eit honninglys håndlaga av mine venner på Rongen Gard, Tomas og Magda. Dei kom inn i livet mitt i 2010, då eg var couchsurfing-vert for dei. Tomas er frå Slovakia og Magda er frå Polen. Eg, Jesper og ungane mine fekk umiddelbart eit nært og fint vennskap med det unge ekteparet, og turen deira til Norge enda med at dei vart verande. Først i Bergen i mange år, der dei jobba i lag med Jesper på Montana Vandrerhjem. Etter kvart kom sønene Anton, som fekk det same namnet som min yngste son, og Stefan.

No har dei funne sitt paradis på Rongen Gard på Bolstadøyri, der dei dyrkar sine store interesser - økologisk landbruk, kusthandverk, undervisning og sosialt arbeid. Magda er ein sann kunstnar, og lagar dei flottaste smykke, figurar, lys og meir til. Dei er birøktarar, og tek godt vare på naturen rundt seg. Eg vil anbefala dykk å gå inn på nettsida rongengard.no eller Instagramkontoen rongen_gard og sjekka ut tilboda deira. Magda har også si eiga nettside feltik.no, der du finn hennar eventyrlege tova figurar!

Du møter dei også på desse julemarknadane:
Nyheim, Nesttun: 12.-13. november
Fana julemarked: 19.-20. november
Lystgården, Landås: 3.-4. desember
25. november og 9. desember: Juletorget på Festplassen

Kikk gjerne innom både Instagram-basaren og julemarknaden!