Stemma utanfor skrivestova

21.02.2023

Video/"podcast" frå Knarvik bibliotek
Så heldig eg føler meg, etter to fine kveldar på to ulike bibliotek her på Vestlandet. Å få møta lesarar på ein så unik arena, med lukta av litteratur sittande i veggane, og så få lov til å formidla tankar om mi eiga vesle forteljing - det gjer meg både rørt og glad.

Første kveld på Bergen Offentlige bibliotek med litteraturvitar og Mannheimer-leiar Lene Bergmann, vart med søkelys på sjølvhjelps- og motivasjonsbransjen, og korleis eg litterært har brukt klisjear frå denne som ein drivar i romanen. Eg hadde grua meg litt, tenk om ingen gadd å komma, tenk om eg ikkje klarte å formidla det som var viktig for meg, tenk om det vart kjedelig... Men eit humørfylt og oppmuntrande publikum var med og prega stemninga i stappfulle "Vårt Vestland" i andre etasje. Livsløgn, narsissisme og sjølveksponeringas tidsalder vart også diskutert, og Lene sin energi smitta over på meg underveis i samtalen. Då det var over, var det mange som ville henga litt og snakka meir om korleis boka har gjort inntrykk på dei, kva dei les ut av handlinga, korleis dei kjende igjen sider ved livet, gjennom karakterane. Det varma.

Då Knarvik bibliotek stod for tur, sat den gode erfaringa frå kvelden i Bergen igjen i kroppen, og eg følte at eg hadde funne mi stemme i dette formatet. Ved hjelp av ein godt førebudd intervjuar, bibliotekar Maja Samsonstuen, opplevde eg ei trygg og ivaretakande ramme rundt meg. Og med nok ei samling av gode venner, kjende og ukjende lesarar, og min gamle norsklærar Johannes Rydland i salen (ja, han har lese med lupe og gitt karakteren 6 - "ingen ordfeil, Elin!"), gjekk timen fort. Maja konsentrerte seg om dei mellommenneskelege relasjonane i forteljinga, og eg svara som best eg kunne.

Det er eit stort steg å krypa ut frå den trygge skrivestova og venda seg mot eit lesande publikum, gjera seg synleg og ta risiko - for ikkje å få det til, for å snubla i formidlinga, bli misforstått eller sjølv misforstå. Timen du har til rådvelde kan du ikkje redigera eller gjera om på, slik du kan medan du skriv. Du må sjå publikum i augo, og ta inn over deg at dei har vald å bruka kvelden sin på noko du har skapt, noko du vil formidla, prøva å ikkje skuffa dei.

Derfor er eg så utrulig takknemlig for dei som bryr seg, som kjem, og som er med på å løfta romanen fram. Tusen takk, alle!