Ord som varmar!

17.07.2022

«Sikkert ein klemmefamilie» er som indieroman sjølvsagt usynleg i den store utgjevings-jungelen av nye bøker. Desto finare er det for meg å få så mange gode og rørande tilbakemeldingar frå folk som har lese boka. Og eg blir ekstra glad når de deler og anbefaler vidare, både i sosiale media og på til dømes ark.no! 

Her har eg samla eit lite knippe av helsingar som har tikka inn i løpet av dei seks vekene sidan utgjevinga.
Tusen takk!