Skjerm deg sjølv

22.01.2023

Bergens Tidende spurte meg om eg kunne skriva eit innlegg på bakgrunn av innhaldet i romanen, og frå researchen eg har gjort i skriveprosessen. Så det gjorde eg. Her er innlegget (klikk på tittel eller bilde):

Ho: Elskar du deg sjølv?
Ho viftar med ei bok i handa.
Eg: Nei, vettuka.
Ho: Men du må det. Elles kan du ikkje vera noko for andre. Du må elska deg sjølv først.
Eg: Er det ikkje nok å halda seg sjølv ut, på ein god dag?
Ho: Ikkje etter det eg har lest.
Eg: Men eg veit jo kor mykje dumt eg tenker og gjer. Slappfisk er eg og.
Ho: Jaja, men det er det du skal elska!

Kva har ho lest, skal tru? Eit «ver snill med deg sjølv»-kapittel. Om at du skal omfamna alle dine feil og manglar, men samstundes jobba ustanseleg med å bli ei betre utgåve av deg sjølv. Gje blaffen i kva andre meiner, og likevel tenka, trena, eta, fasta, jubla og begeistra deg fram til ein annan enn den du kjenner deg som i dag. Bli , og seia til deg sjølv: «Det er typisk meg å være god under press», i følge ein norsk bestseljar på sjølvhjelpsmarknaden.

Korleis kan ein og same bransje klara fylla oss opp med alle desse paradoksa? Eg er heilt elendig under press. Det er typisk meg. Får eg lov å omfamna det, og berre overleva når situasjonen krev det? Må eg bli ei betre, hardt pressa utgåve av meg sjølv? Eg kan jo prøva, det finst hyllekilometer av bøker og videoar med råd om kva eg må gjera. Men verkar dei?

Og han som kom og skulle oppmuntra oss då me kava på som verst i min gamle høgskulejobb. Han drog publikum inn i sitt private liv og viste fleire bilde av seg og familien i vakre, duse omgivnader. Han snakka om eit liv i balanse, og hadde ei veldig vakker kone. Sjølv var eg stressa, separert og sur. I delar av ein lang monolog merka han ikkje sjølv at han repeterte ordrett det han nettopp hadde sagt, og høgskulepublikummet vart urolige for han. Me stod i midt i ein vanskeleg fusjon. Me merka at han ikkje visste noko om det. Visste han i det heile tatt kvar han var, eller køyrde han kun på repeat?

Sjølvhjelpslitteratur og motivasjonsforedrag kan på sitt beste vera positivt omveltande for folk. Enkelte bøker blir både trøyst og rettleiing for dei som treng å finna ut av til dømes søvn, mat, mosjon og trivsel. Nokre av dei er forskingsbaserte og har god kvalitet.

Men: På sitt verste kan banale råd ha same effekt som å be ein deprimert om å ta seg saman. Evna for den enkelte til å forbetra seg kan kjennast meir fråverande enn nokon gong, når tiltaka verkar så enkle at ein berre blir skamfull over ikkje å få det til. Når karismatikaren på scenen ropar just do it, og ikkje anar noko om det hav av begrensingar og kompleksitet som den einskilde tilhøyrar opplever i sine liv. Kanskje går dei rett ut og tek eit oppgjer dei kjem til å angra på. Kanskje kjenner dei seg makteslause når dei ikkje klarar å gjera dei enkle grepa som lyser mot dei frå powerpointen.

Eg har kjent på kroppen kor store dilemma arbeidgjevarsida kan koma i, i omstilling og endring. Og eg møter meg sjølv i døra rett som det er. Det er fort gjort å forenkla, formatera, bli stor i ord og søka kjappe løysingar. Av og til blir eg spurt av andre leiarar om eg har idear til kven som kan komma og snakka med dei tilsette om arbeidsglede. Dei står i endringar, manglar folk, har mista litt piffen. Men kanskje er det ikkje eit foredrag dei treng då, men noko så krevjande som nær og ekte oppfølging? Å bli sett, å få brukt evnene sine. Deling av gode og dårlege opplevingar dei tilsette i mellom, leiarar som viser sårbarhet og ikkje berre fortel suksesshistorier om seg sjølv, men også om nederlaga sine.

Januar er snart over, og tralten tar oss, heldigvis. Me blir vel verken betre eller verre enn me var i fjor. Love live laugh, jada, men me treng vel ikkje å sjå på heile tilværet som eit forbetringsprosjekt, med plan-do-study-act, til forbetringssirkelen går heilt i surr for oss.

Ho set boka frå seg i hylla.
Eg: Kva med å berre: La oss leve for hverandre, og ta vare på den tid vi har?
Ein munter melodi klingar i bakhovudet mitt.
Ho: Ja, sikkert like greitt det. Eg er OK, du er OK.
Eg: På ein god dag.
Ho: På ein god dag, ja.