Takk for tilbakemeldingar!

18.06.2022

«Eg har møtt mange Kalle-gutar og foreldra hans», seier ei bekjent som har vore jurist i barnevernet i mange år. Ho synest at dramaet i slutten av romanen er overflødig, for det er så mykje nerve i resten av teksten. 

Ein kollega med ein heilt annan bakgrunn meiner dramaet er fartsfylt og spennande, og ser for seg ein film. Og så er det min tidligare kollega i kommunikasjonsbransjen, der eg gjennnom tre tiår har plukka opp foredrags-klisjear som gjenspeglar MotivaTor sine fakter på scenen - han meiner eg har tatt for lite i, at satiren kunne ha vore skarpare, for «det er jo verre i virkeligheten, det me lirer av oss i bransjen». Og han peikte smilande på seg sjølv. Rett nok hadde han litt promille, men sjølverkjenninga sat altså laust.

«Romanen har mange lag. Det laget som rammar meg hardast er skildringane av ein kropp som har levd med fortrenging så lenge, og korleis denne kroppen reagerer fysisk når det blir satt ord på sanninga. Eg kjenner det att frå ei som står meg nær», fortalde ein annan lesar, som sa ho hadde slukt boka. Men kommentaren som kanskje hittil har gjort mest inntrykk på meg, kom frå ei godt vaksen kvinne som eg ser kvar dag, og trudde eg kjende. Ho fortalte meg at ho vart adoptert bort på den tida det var skam å vera ugift mor, og difor identifiserer seg sterkt med hovudpersonen Una sine idear om og kjensler av å vera eit uønskt eller avvist barn, på tross av at ho har det godt og trygt. Og at desse kjenslene kan prega deg heile livet.

Somme spør korleis eg klarar å blanda det satiriske og det mørke, og kvar eg hentar det mørke frå, eg som vanligvis ikkje heng med nebbet. Svaret er kanskje, men eg er ikkje sikker - i meg sjølv, viss eg tør å kjenna etter, og reint grafisk i det eg har opplevd som tilsett i psykiatrien for lenge sidan. I min indre furtne fjortenåring, i den beiske smaken av skam, usikkerhet og redsle. I folk eg har møtt og snakka med, og som har klart å setta ord på korleis eit indre mørke kjennest. Å skapa scener som skildrar desse kjenslene er krevjande, og eg har ikkje gjort det før. Difor er eg glad for at så mange ser så ulike bodskap i teksten, for ho har rett, lesaren som seier at romanen har mange lag. I alle fall var det meininga. Og difor blir det opp til lesaren kva han eller ho vil ta med seg.