Stort og smått


I etterkant av årsmøtet og påfølgande seminar i Norsk Forfattarsentrum, hamna eg i prat med skrivefolk som på ulike måtar skildra sine skriveprosessar. Felles for oss var kjensla av einsemd i våre eigne, lukka skrivekosmos, og opplevinga av forløysande hjelp og nye erkjenningar ved å opna opp for tilbakemeldingar på tekstarbeidet undervegs.

Video/"podcast" frå Knarvik bibliotek
Så heldig eg føler meg, etter to fine kveldar på to ulike bibliotek her på Vestlandet. Å få møta lesarar på ein så unik arena, med lukta av litteratur sittande i veggane, og så få lov til å formidla tankar om mi eiga vesle forteljing - det gjer meg både rørt og glad.

Bergens Tidende spurte meg om eg kunne skriva eit innlegg på bakgrunn av innhaldet i romanen, og frå researchen eg har gjort i skriveprosessen. Så det gjorde eg. Her er innlegget (klikk på tittel eller bilde):