Stort og smått


«Sikkert ein klemmefamilie» er som indieroman sjølvsagt usynleg i den store utgjevings-jungelen av nye bøker. Desto finare er det for meg å få så mange gode og rørande tilbakemeldingar frå folk som har lese boka. Og eg blir ekstra glad når de deler og anbefaler vidare, både i sosiale media og på til dømes ark.no!

«Eg har møtt mange Kalle-gutar og foreldra hans», seier ei bekjent som har vore jurist i barnevernet i mange år. Ho synest at dramaet i slutten av romanen er overflødig, for det er så mykje nerve i resten av teksten.

For 27 år sidan gjekk eg nesten dagleg opp og ned denne gata med ei lita jente i barnevogn. Eg kunne la blikket vandra mellom murhus og trehus med matte fasader og gamle gardiner, og kikka inn i trange, bratte smau.