Stort og smått


Det du ikkje får nok av: Å sitta med laptopen ved Adriaterhavet og fantasera, oppvarta av servitørar som kjem med vekselvis kald kvitvin og varm espresso. Klapra laus på tastaturet, legga til og trekka frå, etter kvart eta ein sjømatsalat og så rusla heim langs strandpromenaden, nøgd etter ein produktiv skrivedag.

Fram til 25. november har eg ein liten basar på Instagram @elinstyve - boka mi blir lodda ut i lag med eit honninglys håndlaga av mine venner på Rongen Gard, Tomas og Magda. Dei kom inn i livet mitt i 2010, då eg var couchsurfing-vert for dei. Tomas er frå Slovakia og Magda er frå Polen. Eg, Jesper og ungane...

Eg blir så glad!
For ei som aldri har skrive fiksjon før, og som stabla på beina og utgav ein roman på eiga hand (rett nok med god og kyndig redaktørhjelp), har det å senda boka frå seg vore både med skrekk og forventing. Ein ting er dei som kjenner meg, og les boka med godvilje, har eg tenkt....